LOPPESJAU
Ola Bortigarden sitt loppesirkus!

Ola bortigarden kjem til fest med sin frue og sitt nye Loppesirkus. Dei løpske ”dresserte” loppene KAN vara flinke…
Ola og frua sitt motto er: ”DET ER BETRE MED EI LOPPE I LUFTA ENN TI I KUFTA”….vi får no sjå.
Men dersom ein no skulle vera så uheldig å få ti lopper i kufta, så passar dette mottoet betre: ”EI LANG GOD KLØE FORLENGER LIVET”.
Loppesirkuset kjem gjerne til alle typer fester for store og små. Dei to flørtar hemningsløst med alle på jakt etter dei løpske loppene. Sirkusdirektøren er forresten ein trivlig kar, så dersom du blir utsett for kløe, så hjelper han gledeleg til å klø attende.
Kjenner du at det byrjar å klø litt i buksa etter å sjå loppesirkuset ??
BESTILL EIT FORRYKANDE LOPPESHOW…
Tema og innhald : Dette showet med dei to rare bygdeorginalane kan vell meir kallas ein tilstand. Her brukas mykje kroppsspråk , og lite ord. Figurane kommuniserer heile tida med publikum mens dei vandrar rundt på festivalen . Loppesjau kan også bestillas med ei animert dukke, ei loppe på ca 1×1 m.
Ola Bortigarden dirigerer loppa til å framsyna ulike akrobatiske nummer, men som vanleg går ikkje framsyninga heilt etter planen og Ola må be publikum om hjelp til å få loppa i gang.
Dei som er med i loppesjau:
Ola Bortigaren :Gard Eitungjerde Høyvik
Fruen : Kjersti Iversen
Dukke: Kjersti Iversen
Pris :Kr 5000 (reise innk) inntil 2 timer . tid og pris kan og avtales.
Ring for meir info på tlf :
Tlf 99393633 /51919659 E-MAIL-kjer-iv@online.no
- Publisert:
- 2008-04-02 / 12:54
- Tema:
- Forestillinger




















Ingen kommentarer
Jump to comment form | comments rss [?]